Vedtekter
Vedtekter for laget Vestlandsk Raudkolle.
§ 1. Føremål:
. Føremålet for laget er å sikre Vestlandsk raudkollerasen som eigen storferase no og i framtida.
§ 2. Medlemskap:
Medlemar kan vera: Eigarar av storfe av Vest. raudkolle rasen, sympatisørar av rasen, lag og organisasjonar. To personar frå kvart bruk har stemmerett. Registrerte medlemar har ei stemme kvar. Instutisjonar, firma, kommunar m.f. som støttar laget økonomisk har ikkje stemmerett. Medlemskapet følger kalendaråret. Merdlemskontigent skal betalast ved kvart årskifte og seinast innan 1. Februar.
§ 3: Årsmøte:
Laget vert styrt av årsmøte og det sittande styre. Årsmøte er samansett av styre og frammøtte medlemar. Årsmøte skal avholdast kvart år, og innan 15. August Innkalling med tid, stad, og saklist til årsmøte skal sendast skrifteleg til alle betalande medlemar i laget seinast 14 dagar før årsmøtedato. Saker som skal handsamast på årsmøte vert avgjort med vannleg fleirtal av dei frammøtte medlemane som har stemmerett. Ved stemmelikskap kan leiaren for laget avgjera resultatet med bruk av dobbelstemme. Unntaket er ved valg. Då skal det avgjerast med loddtrekning.
Årsmøtesaker:
1. Val av møteleiar og skrivar.
2. Godkjenning av innkalling og sakliste.
3. Laget si årsmelding.
4. Regneskap og revisjonsmelding.
5. Budsjett og fastsetting av medlemskontigent.
6. Arbeidsplan for kommande år.
7. Valg.
a) Fire styremedlemar, valde for to år. Etter to år går to av styremedlemane ut etter trekning.
b) Leiaren av laget står på valg kvart år.
c) Vara til styret i nummerrekkefølge, valde for 1 år. 1. vara til styret møter på styremøta.
d) Livdyrformidlar har møterett til styremøta.
e) To revisorar valde for eitt år.
f) Valnemd på to medlemar valde for to år. Eitt medlem er på valg kvart år, første året etter
loddtrekning. Den som sit siste året rykker opp som leiar.
g) Valg av leiar og styre skal vere skrifteleg. Tillitsvalgte skal vera medlemar i laget.
h) Styret konstituerar seg sjølv.
4§. Styre skal leia laget mellom årsmøta. Styret skal syta for at det vert ført møtebok fra årsmøtet og samtlige styremøter i året. Styret skal til ei kvar tid disponera ajourførde medlemsliste for laget. Styret skal vere samansett slik: Leiar, nestleiar styremedlemer og 1.vara. I tilegg skal laget ha eigen livdyrformidling og regneskapførar. Styret velg sjølv nestleiar, livdyrformidlar og regneskapførar. Leiaren kallar inn til styremøte. Enkeltmedlemar av styre kan krevje det vert halde styremøte.
§5. Arbeidsplan for laget: 1) Syta for ein god og sunn økonomi for laget. 2) Oprettholda eller auka dyretallet av Vest. Raudkollerasen. 3) God og velorganisert livdyrformidling. 3) Vurdere og tilrå i forbindelse med uttak av oksekalvar til semin.
4)Drive aktiv medlemsverving.5) Markedsføre rasen utad gjennom media og eiget fagblad.6) Arangere årsmøte, medlemsmøte.
§6. Vedtektsendring:
Endring av vedtektene krev minst 2/3 av røystene til medlemane som er frammøtte på årsmøte. Framlegg til endring må vera med i innkallinga til årsmøtet.
§7. Nedleggelse av laget:
Krev samrøystes vedtak på eit lovleg inkalla årsmøte. Midlane som laget rår over kan då disponerast av årsmøtet til tiltak i samsvar med laget sitt føremål.