Rasestandard

Rasestandard for vestlandsk raudkolle                                              

Kort presentasjon av rasens historie

Vestlandskraudkolla har sitt utspring frå det gamle Lyngdalsfeet som på 1800 tallet vart kryssa med feet frå Rogaland.  Det gamle Lyngdalsfeet var slik historia fortel også rødt og kolla. Mykje likskap med dagens Vestlandskraudkoller både med fargesamansetning og eksteriør. På 1900 tallet såg ein etter kvart potensialet som låg i Vestlandskraudkolla som produksjonsdyr  på 1950 og 60 talet var Vestlandskraudkolla den dominerande rasen med over 60000 dyr. I fleire år etter at NRF en gjorde sitt inntog var enkelte buskapar av VR rasen i landet framleis blant dei høgstytande.  Mange overassistentar/ veterinærar og andre innan landbruket  meinar framleis i dag at Vestlandskraudkolla skulle vore basis for den framtidige og moderne avlen, noko som ho i liten grad er.

 

 

  1. 1.    Standard opplysninger og viktige eksteriøre trekk for rasen

Egenskap

Beskrivelse

Mankehøyde for kyr over 2 år (gjerne oppgitt som intervall)

 -110   –130 centimeter  (stangmål)

Brystomfang for kyr over 2 år (gjerne oppgitt som intervall)

155 –180 centimeter

Vekt for kyr over 2 år (gjerne oppgitt som intervall)

VR laget har ønske om at kyr av vr. rase har ei levandevekt mellom - 380 til 480 kilo.

Horn

 

Horn aksepterast ikkje. Nyvler kan forekomme på hanndyr men er ikkje ønselig frå laget si side.

Eksteriør

Ingen endring frå tidligare standard.

Ønsket årsavdrått (gjerne oppgitt som intervall).

 

Førstekalvskyr: 15 -22 kg. Kyr: 20-28. Foring etter norm.

Då vi veit at mange med VR. brukar forholdsvis lite kraftfor (3 kgdag) må dette gå tydeleg fram på informasjonen som vert gitt over mor / buskap ved innmeldelse av oksekalv til semin. Ei ku med liten avdrått kan likevel vere eit framifrå produksjonsdyr vis ”normen” vert lagt til grunn.

Enkelte førstekalvskyr av vestlandskraudkolla har forholdsvis låg  ytelse etter første kalv , men kjem sterkt tilbake året etter. Difor skal ein alltid avvente ei ku til andre kalv før ein kan forutsjå produksjonsemna til kua.

Farge

 

Slik som namnet framgår er raudkolla vanlegvis rød på farge. Rødfargen kan variere i ulike nyansar frå lysbrun til rød brun og mørk brun. Svarte dyr av rasen ligg også i genene. Enkelte kan ha kvite avtegn. Kvit felt i panne, kvit haletip, kvite avtegn runt jur og under mage. Lyse mørke ”ringar” på sidene av dyra kan forekomme. Kallast ”trivselsringar”  (litt felles med ”brandet”) Enkelte dyr kan også ha lys mule.

 I husdyrlæra på landbruksskulen i 1942 vert det uttalt følgande om fargen på vestlandskraudkolla: Vestlandskraudkolla er vanlegvis raud på let. Enkelte dyr kan ha kvite innslag. Branda og svarte dyr forekjem også.

 

 

  1. Beskrivelse av andre særtrekk hos rasen

 

Vestlandskraudkolla er rekna som ei kombinasjonsku , god på både mjølk og kjøtt. Rasen er kjent for godt lynne, livleg temprament, god holdbarheit,gode bein og klauver, lett kalving , god fruktbarheit og helse. Mordyrinnstinket er også stort hos rasen.

Vidare er VR kjent som framifrå gode og nøysomme beitedyr både på innmark og utmarksbeite.  Rasen beiter ofte på andre plantearter enn NRF dyra.  Lauv og laukratt er ein viktig del av foropptaket i utmarka.  Difor vert raudkolla rekna som ein framifrå ”kulturlandskapspleiar”

  1. Rasens kulturhistoriske betydning

For eksempel  Vestlandsk Raudkolla er ein stor bidragsytar som har vore med å forma det unike kulturlandskapet som vi i dag har i dette landet. Eit kulturlandskap som gjennom generasjonar  har vorte forma gjennom beitebruk på inn og utmark. Stølsdalar  som i århundre har vore brukt til slått og beitedyr. Stølar som vart oppførde pg. av  produksjonen frå desse gamle rasane.  Ein gamal kulturhistorie som i dag  er ettertrakta både av reiseliv og turisme.

 Spesielle driftsformer  I eldre tider var husdyrhaldet basert mest på ” sjølvberging”. Store barneflokkar skulle ha både mat og klede. Hadde ein då ei ku eller to på gardane var det eit  privilegium i så måte.  Seinare vart gardane større og det vart meir produksjon både av melk og kjøtt.  I dag er det volum og produksjon som er avgjerande. Dei fleste i dag driv mjølkeproduksjon, men ein ser at ammekuproduksjonen har hatt ein sterk framgang dei siste åra.

  • Regioner          Vestlandsk Raudkolla har sitt utspring frå det gamle Lyngdalsfeet som på 1800 tallet vart kryssa med feet frå Rogaland. Seinare vart rasen utbredd til Rogaland, Hordaland og på 1900 tallet vidare til Sogn og Fjordane og Møre og Romsdalen.   I 1962 Vart det eksportert 2 oksar til Færøyane frå Rogaland. Tidligare har ein del kviger frå Vest Agder vorte eksportert.  I 1965 vart det overført 2 kviger som gåve frå Rogaland Bondelag til Madagaskar.

I dag er Vestlandskraudkolla mest å finne i Rogaland , Sogn og Fjordane og ein del i Oppland.   Det er  også registrert dyr dyr av rasen i Troms Fylke, Møre og Romsdal, Hardanger, Voss og Agder.

 

Avlsplan for vestlandsk raudkolle

  1. 1.    Avlsmål

Formålet med avlsarbeidet er å:

  • Ta vare på særpreget og mangfoldet i rasen som er beskrevet i rasestandarden
  • Avle fram dyr med egenskaper tilpasset rasestandarden
  • Avle fram en sunn og funksjonsdyktig storferase i tråd med god dyrevelferd
  • Dyr som er 7/8 eller mer av den nevnte rasen anses som raserein.
  • Minimere innavlsutviklinger i populasjonen.
  • Avle fram gode produksjonsdyr!  NB. Vi som bønder kan ikkje kan ikkje arbeide ut frå genetisk matrial dersom det fører til uproduktive dyr i praksis.
  • Gjennomsnittstandar  der ein fjernar dei negative elementa som ligg under gjennomsnittet og heller har som mål å bygge på dei elementa som skårar over gjennomsnitt.  På den måten får ein ein balansert behov gjennom bevaring og bruk.
  • Bevare vestlandskraudkolla så nær opp til sitt utspring som mogeleg. Også dei små og lette dyra måprioriterast.
  • Helse må vere avgjerande i avlen.
  • Protein er vanleg vis høgare på vr rasen enn NRF.  Likevel er dette viktig i avlsarbeidet vidare.
  • Juret er eit svært viktig punkt og bør leggast stor vekt på i vurderingane når det gjeld inntak av oksekalv.
  • Når no VR. rasen har hatt ei positiv utvikling er det viktig å spisse avlen mot gode produksjonsdyr, sunne og friske dyr med godt lynne , gode produksjonsdyr samtidig som ein ivaretar det rasetypiske som vestlandskraudkolla representerar.

 

  1. Avlstiltak
  • Flest mulig dyr i populasjonen skal være medlem i Kukontrollen/Kuregisterert og registrere slektskapsdata og avdråttsdata.

For å minimere innavlsøkningen i populasjonen skal en søke å

  • Bruke flest mulig hanndyr i avl.
  • Få like mange avkom fra hvert hanndyr i avl, dvs. unngår å få avlsmataorer.
  • Unngå nære slekskapsparinger
  • Ver bevist på bruk av oksar. Betal heller litt ekstr for å spesialbestille oksar frå det gamle ”stjernegalleriet.”
  • Akseptere en regulert innkryssing av søsterrasen (_i heilt spesielle tilfelle) ________________________ dersom det anses som avlsfaglig nødvendig for å redusere innavlsøkningen.
  • Bruke innavlsberegningsprogram og følge råd fra disse.

Dyr skal ikke brukes i avl dersom de har følgende arvelige defekter:

  • Færre en to testikler
  • For mange eller svært uheldig plasserte marispener.
  • Dårlig lynne
  • Låg protein
  • Unaturleg farge utanom standard
  • Dårlig jur
  • Mindre eller større enn standard
  • Hornanlegg
  • Meir enn 4 spenar på oksekalv? 

 

Ekstra informasjon